Om GIN

Green Innovation Network (GIN) er eit nettverk av bedrifter som i fellesskap tilbyr tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar nasjonalt og internasjonalt.

Bedriftene er alle uavhengige rådgjevingsbedrifter og har kjernekompetanse relatert til:

 
Fjordvarme_farge.png

Fornybare energiløysingar.

Fjordvarme tilbyr teknisk og fagleg rådgjeving frå idé til drift av anlegg. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid, slik at vi finn gode, fleksible, robuste og miljøvennlege løysingar.

 
90F737328405490EBACCBDFF9FBB458F.png

Planlegging av gode infrastruktur- og byggløysingar.

Gjennom våre avdelingskontor i Førde, Nordfjordeid, Vågå og Ålesund tilbyr vi teknisk og arkitektfagleg rådgjeving frå idé til ferdig bygd anlegg. Vi legg stor vekt på tett samvirke mellom dei ulike fagområda. Slik finn vi gode, fleksible og robuste løysingar.

 
21807FFF69BB458482A284D86A13F9C4.jpg

Energieffektivisering.

Gjennom våre avdelingskontor i Ørsta, Vågå og Ålesund tilbyr vi rådgjeving innan bygg, anlegg, industri og transport. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samhandling for å løfte prosjekta og få gode energiresultat.

 
SEGEL_logo2.jpg

Forretningsutvikling.

Segel er et bedriftsrådgivningselskap med spesialkompetanse innenfor strategi- og forretningsutvikling, markedsutvikling og internasjonalisering, innovasjon og prosjektledelse. Segel AS har i dag kontor på Nordfjordeid og i Ålesund. Alle våre rådgivere har lang erfaring som bedriftsrådgivere. De fleste har sin bakgrunn fra næringslivet, og har jobberfaring fra nasjonal og internasjonal forretningsvirksomhet.

 

Kompetanseutvikling.

Inviro er ei regional innovasjons- og utviklingsbedrift med mål- og medlemsbedrifter i Nordfjord, og delar av Sunnfjord og Søre Sunnmøre.

Inviro skal være en aktiv tilbydar og tilretteleggjar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt være en attraktiv møteplass og samhandlingsarena for bedriftene. Ei viktig oppgåve for Inviro er mellom anna å kople bedriftene opp til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø, samt offentlege verkemiddelapparat.

Inviro jobbar i tillegg for å legge til rette for fleksibel desentralisert utdanning på Høgskule-, Universitets- og fagskulenivå for heile regionen.

 

Rådgjeving.

RØRSLA er godkjent Miljøfyrtårnkonsulent og bidreg hjå verksemder med rådgjeving i prosessen med Miljøfyrtårnsertifisering.

Miljøfyrtårnsertifisering er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som helper verksemder å skape konkuransefortrinn av berekraft.

RØRSLA ynskjer å bidra til at berekraftsarbeidet vert motiverande og lettare å ta tak i.