Berekraft i praksis

Fleire bedrifter får krav frå kundar og samfunnet om dokumentasjon på kva miljøavtrykk verksemda etterlet. Berekraft er ikkje lenger er noko som berre blir brukt i politiske festtalar. Kvar bedrift må finne ut korleis ein skal bidra til å fylle dette med reelt og konkret innhald, som helst samtidig skal styrke lønsemda.

Mange kan nok bli skremd av alle begrepa; FNs berekraftsmål, EUs Taksonomi, EPD, livløpsanalyse, Svanemerking, etc. Naturlege spørsmål er då:

Er alt dette relevant for oss?

Er det ein logisk samanheng mellom alle desse begrepa?

Er det kostnadskrevjande å ta tak i dette?

Kan vi bruke dette til å styrke konkurranseevnen?

GIN-bedriftene har både kompetansen og praktiske verktøy for å utvikle og operasjonalisere strategier for berekraftig satsing.

vlad-kutepov-zBF14q5BPdE-unsplash.jpg